20. november 2010

Oppskrift på sunnmørske Julemanna og Julemannkjeks

Julemanna (eller "Kakemenn" som austlendingar av ein eller annan grunn kallar det) er om ikkje sunne så i alle fall veldig gode. Dette gjeld dog kun den heimelaga varianten og ikkje dei knusktørre som ein finn hjå bakar eller i butikk.

Og julemanna et ein stort sett før jul - i jula er det så mykje anna å fylle magen med at julemannane berre blir liggande.

Så difor, i denne førjulstid, ei oppskrift - aldri tidlegare publisert - nedarva frå generasjonar. Stor oppskrift (5 tettpakka steikebrett) - del gjerne i to.

  • 500 gram sukker
  • 250 gram margarin (eller smør)
  • 1/2 l melk (skumma, lett, grøn eller heil)
  • 2 ss hjortetakksalt/hornsalt
  • Passeleg med kveitemjøl. Mellom 750 og 1000 gram, kanskje. Deiga skal ikkje være klissete.
Lag deig:
  • Smelt smør i gryte 1.
  • Lunk mjølk i gryte 2.
  • Ha sukkeret i smøret og rør litt rundt.
  • Slå mjølka i smørblandinga.
  • Putt hjortesaltet i 750 gram mjøl og bland litt saman.
  • Bland saman mjøl og smør/mjølkblanding.
  • Lag deig. Sjekk konsistens. Ikkje kliss! Ha evt i meir mjøl. Men ikkje overdriv - noko mjøl vil også bli brukt under utkjevling.

Strø litt mjøl over bordplata di og kjevle ut. Kjevle til ca 0,5 cm. Ikkje for tynt! Då blir julemannane harde og det skal dei ikkje vere. Julemanna skal vere mjuke og luftige. Prøv deg fram - dette finn du ut av.

Til utforming nyttar du vanlege pepparkakeformer. Eller om du ynskjer produktet Julemannkjeks : plukk rett og slett eit stort glas frå skåpet og bruk toppen av dette til utstempling.

Steikast ved 200 grader i 12-15 minutt. Julemannane skal ikkje vere brune oppå.

Kjenner du lukta av førjul?

Ja, det trur eg du gjer.

Når dei steikte julemannane har fått kvile seg litt på ei rist kan du eller eventuelle småfolk i huset dekorere dei med konditorfarge.

Julemannane er ekstra gode ferske. Men putt restane i ei kakeboks og ta dei opp ved høve.

Julemanna smakar ekstra godt saman med eit glas mjølk. Og ynskjer du å verkeleg flotte deg så ha på smør - meierismør om du har råd til det - og kanskje til og med litt brunost.

Dei som er ekstra glade i det søte kombinerer med fryd og lyst julemanna med ein kopp kakao. Det kan tenkjast at lysta på denne blandinga er noko ein veks av seg med åra.

Julemanna kan frysast. Ta dei opp og varm dei litt i mikrobølgeovn og dei blir nesten som nysteikte att.

Bonus: å servere julemanna med meierismør avskore med ostehøvel er ein diskré måte å vise at her i huset har vi det verkeleg på stell sånn reint økonomisk.

(Det flotte julemannbiletet er lånt frå bloggaren Oddveig. Sei frå om eg skal ta det vekk, Oddveig.)