Første fem minutta av
Watchmen var ypparlege. "The Comedian" i imponerande slåsskamp med filmens helt/skurk.
Resten er forferdeleg dårleg.
Og denne blå atomguden Dr Manhattan med sin veivande penis (skyte vietnamesarar må ein ha underbukse på for å gjere, elles er det visst ikkje så nøye med) og sine særs irriterande lange og allvitande utgreiingar fikk etterkvart kvalmebygene til å kome så tett at det ikkje var særleg triveleg i det heile tatt.
Lenge til eg ser ein superheltfilm igjen.
Terningkast: 1.
VG: 4Dagbladet: 3Dagsavisen: 6Nettavisen: 5Spesielt imponert er eg over Dagsavisens meining. "Imponerende høyt ambisjonsnivå" er tydelegvis eit Oslo-uttrykk for "frykteleg dårleg og skremmande pinleg kalkun".