14. mars 2009

Filmanmeldelse: Watchmen (norsk: Veivande, blå penis)

Første fem minutta av Watchmen var ypparlege. "The Comedian" i imponerande slåsskamp med filmens helt/skurk.

Resten er forferdeleg dårleg.

Og denne blå atomguden Dr Manhattan med sin veivande penis (skyte vietnamesarar må ein ha underbukse på for å gjere, elles er det visst ikkje så nøye med) og sine særs irriterande lange og allvitande utgreiingar fikk etterkvart kvalmebygene til å kome så tett at det ikkje var særleg triveleg i det heile tatt.

Lenge til eg ser ein superheltfilm igjen.

Terningkast: 1.

VG: 4
Dagbladet: 3
Dagsavisen: 6
Nettavisen: 5

Spesielt imponert er eg over Dagsavisens meining. "Imponerende høyt ambisjonsnivå" er tydelegvis eit Oslo-uttrykk for "frykteleg dårleg og skremmande pinleg kalkun".

blog comments powered by Disqus