2. august 2010

Anmeldelse: fjellet Slogen

Fjellet Slogen er saman med Kolåstinden Sunnmørsalpane sine mest kjende fjell.

Slogen ser imponerande ut, ikkje minst frå Sæbø:



Fjellvurdering: Terningkast 2.

Turen frå start på ca 0 meter over havet til slutt på 1564 meter over havet tar mellom 3 og 5 timar. Og nedatt vil det ta bortimot like lang tid.

Fjellet får terningkast 2 fordi det har ei alt for lang skogetappe - godt over ein time - der ein kravlar meir enn ein går oppetter ei bratt fjellside utan anna å sjå enn maur og mold.

For å få eit godt terningkast krevst det at turen er kjekk heile tida - og ikkje berre når ein nærmar seg toppen.

Så sånn er det med den saka.
blog comments powered by Disqus