Ein evig diskusjon. Kva er best når du skal frå Søre Sunnmøre og til hovudstaden? Med moderne informasjonsteknologi kan vi endelig slå fast kor bra det eine alternativet er i forhold til det andre - og kanskje endog tredje?
a) No-brainaren: Stryn / OttaDenne tradisjonsrike ruta er den som bussmonopolisten
Nor-Way har valgt å køyre - og som dei brukar 9 timar og 55 minutt på. Inkludert 45 minutts matpause på Kvam. Dette vil altså seie 9 timar og 10 minutts køyretid.
Ruta har
visse ulemper vinterstid.
Vis større kartFasit:
570 km – om lag 8 timar 58 minutt
Ørsta - Stryn: 85,5 km – om lag 1 time 43 min
Stryn - Lom: 124 km – om lag 1 time 46 min
Lom - Otta: 44,3 km – om lag 39 min
Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min
b) Moskusruta: Om ÅndalsnesDenne ruta kjennes heilt bakvendt i og med at ein brukar første timen på å køyre det som kjennest i feil retning. Og det at
Møre og Romsdal er eit av dei mest ulukkesbelasta fylka i landet gjer vel og at ein helst ynskjer å forlate det raskast mogleg. Så mykje talar mot. Men kva seier den moderne informasjonsteknologi sine harda fakta?
Vis større kartFasit:
628 km – om lag 10 timar 15 minutt
Ørsta - Åndalsnes: 158 km – om lag 2 timar 55 minutt
Åndalsnes - Dombås: 106 km – om lag 1 time 37 minutt
Dombås - Otta: 53,5 km – om lag 51 minutt
Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min
c) Google-anbefalinga: ValdresflyaDenne ruta ser triveleg interessant ut - omfatte to fjellovergangar og spanande natur som den gjer. Men problemet i alle fall vinterstid er at
vegen frå Lom til Fagernes då er
stengd.
Vis større kartFasit:
542 km – om lag 8 timar 33 minutt
Ørsta - Stryn: 85,5 km – om lag 1 time 43 min
Stryn - Lom: 124 km – om lag 1 time 46 min
Lom - Fagernes: 147 km – om lag 2 timar 9 minutt
Fagernes - Oslo: 186 km – om lag 2 timar 55 minutt
Oppsummering. Anbefaling per 2.1.09Sommar: Strynefjellet / Valdresflya / Fagernes. 8 t 33 minutt. 542 km.
Vinter: Strynefjellet / Otta / Hamar. 8 t 58 minutt. 570 km.
Vinter og dårleg vær: Åndalsnes. 10 t 15 minutt. 628 km.
Forøvrig viser Appendiks 2 at per 1.1.12 så vil reisetida Strynefjellet / Otta / Hamar gå ned til 7 timar og 48 minutt.
Appendiks 1: Men kva med Gjøvik i staden for Hamar?Ein diskusjon ein kjem opp i anten ein har valgt Strynefjellet / Otta eller Åndalsnes er "Det er raskare om Gjøvik" som då blir kontra med eit "Nei, det er det ikkje" eller eventuelt eit "Tja, er det eigentleg det?"
Fasiten viser:
Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min
Otta - Gjøvik: 173 km – om lag 2 timar 42 minutt
Gjøvik - Oslo: 138 km – om lag 2 timar 10 minutt
Og om ein tek fram kalkulatoren så blir resultatet dette:
Om Hamar: 316 km - om lag 4 timar og 50 minutt
Om Gjøvik: 311 km - om lag 4 timar og 52 minutt
Appendiks 2: Kva er reisetida om tre år?Strekninga Hamar - Oslo er under kraftig utbetring med firefelts og det eine med det andre. Ein reknar med å
få køyretida ned 25 minutt.
Strekninga Ørsta - Stryn er under kraftig utbetring med prosjektet
Kvivsvegen. Ein reknar med å få køyretida ned 45 minutt.
Så: om tre år vil ein kome seg til Oslo 1 time og 10 minutt raskare i dag via det som då blir den beste ruta: om Hamar. Og 7 timar og 48 minutt vil det då i følge moderne informasjonsteknologi ta.