2. januar 2009

Bilspalte: Kva er best - Strynefjellet eller Åndalsnes?

Ein evig diskusjon. Kva er best når du skal frå Søre Sunnmøre og til hovudstaden? Med moderne informasjonsteknologi kan vi endelig slå fast kor bra det eine alternativet er i forhold til det andre - og kanskje endog tredje?


a) No-brainaren: Stryn / Otta

Denne tradisjonsrike ruta er den som bussmonopolisten Nor-Way har valgt å køyre - og som dei brukar 9 timar og 55 minutt på. Inkludert 45 minutts matpause på Kvam. Dette vil altså seie 9 timar og 10 minutts køyretid.

Ruta har visse ulemper vinterstid.


Vis større kart


Fasit:
570 km – om lag 8 timar 58 minutt

Ørsta - Stryn: 85,5 km – om lag 1 time 43 min
Stryn - Lom: 124 km – om lag 1 time 46 min
Lom - Otta: 44,3 km – om lag 39 min
Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min


b) Moskusruta: Om Åndalsnes

Denne ruta kjennes heilt bakvendt i og med at ein brukar første timen på å køyre det som kjennest i feil retning. Og det at Møre og Romsdal er eit av dei mest ulukkesbelasta fylka i landet gjer vel og at ein helst ynskjer å forlate det raskast mogleg. Så mykje talar mot. Men kva seier den moderne informasjonsteknologi sine harda fakta?


Vis større kart

Fasit:
628 km – om lag 10 timar 15 minutt

Ørsta - Åndalsnes: 158 km – om lag 2 timar 55 minutt
Åndalsnes - Dombås: 106 km – om lag 1 time 37 minutt
Dombås - Otta: 53,5 km – om lag 51 minutt
Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min



c) Google-anbefalinga: Valdresflya

Denne ruta ser triveleg interessant ut - omfatte to fjellovergangar og spanande natur som den gjer. Men problemet i alle fall vinterstid er at vegen frå Lom til Fagernes då er stengd.


Vis større kart

Fasit:
542 km – om lag 8 timar 33 minutt

Ørsta - Stryn: 85,5 km – om lag 1 time 43 min
Stryn - Lom: 124 km – om lag 1 time 46 min
Lom - Fagernes: 147 km – om lag 2 timar 9 minutt
Fagernes - Oslo: 186 km – om lag 2 timar 55 minutt



Oppsummering. Anbefaling per 2.1.09

Sommar: Strynefjellet / Valdresflya / Fagernes. 8 t 33 minutt. 542 km.
Vinter: Strynefjellet / Otta / Hamar. 8 t 58 minutt. 570 km.
Vinter og dårleg vær: Åndalsnes. 10 t 15 minutt. 628 km.

Forøvrig viser Appendiks 2 at per 1.1.12 så vil reisetida Strynefjellet / Otta / Hamar gå ned til 7 timar og 48 minutt.



Appendiks 1: Men kva med Gjøvik i staden for Hamar?

Ein diskusjon ein kjem opp i anten ein har valgt Strynefjellet / Otta eller Åndalsnes er "Det er raskare om Gjøvik" som då blir kontra med eit "Nei, det er det ikkje" eller eventuelt eit "Tja, er det eigentleg det?"

Fasiten viser:

Otta - Hamar: 188 km – om lag 2 timar 55 minutt
Hamar - Oslo: 128 km – om lag 1 time 55 min

Otta - Gjøvik: 173 km – om lag 2 timar 42 minutt
Gjøvik - Oslo: 138 km – om lag 2 timar 10 minutt

Og om ein tek fram kalkulatoren så blir resultatet dette:

Om Hamar: 316 km - om lag 4 timar og 50 minutt
Om Gjøvik: 311 km - om lag 4 timar og 52 minutt



Appendiks 2: Kva er reisetida om tre år?

Strekninga Hamar - Oslo er under kraftig utbetring med firefelts og det eine med det andre. Ein reknar med å få køyretida ned 25 minutt.

Strekninga Ørsta - Stryn er under kraftig utbetring med prosjektet Kvivsvegen. Ein reknar med å få køyretida ned 45 minutt.

Så: om tre år vil ein kome seg til Oslo 1 time og 10 minutt raskare i dag via det som då blir den beste ruta: om Hamar. Og 7 timar og 48 minutt vil det då i følge moderne informasjonsteknologi ta.

blog comments powered by Disqus