18. januar 2009

Matspalte: Pølsesmørbrød

Gamal klassikar, dette.

Du treng:


  • Pølser (valfri type)
  • Brødskiver (valfri type)
  • Ketchup
  • Oregano
  • Kvitost


Sett steikeomn på 200 grader. Skjær opp brødskiver. Sprut på passeleg mengde ketchup. Kutt pølsene i bitar og legg dei på brødsskivene. Legg på kvitost. Dryss over oregano. Legg skivene på ei steikeplate som du har lagt steikepapir på og sett plata i ovnen. Når osten er smelta kan du ta ut plata og eventuelt ta ein prøvesmak om du er usikker.

Steiketermometer er ikkje nødvendig.

Den røynde kokk observerar her at moglegheitene for eksperimentering er endelause: wiener- eller grll, middagspølse eller sosissar, kyllingpølser eller tradisjonell. Det same gjeld naturlegvis brødsorten - ein kan velje kva som helst slags type brød og få ei totalt anna smaksoppleving som resultat alt etter kva ein landar på!

Og det stoppar ikkje her - dei vektbevisste står fri til å velje lettprodukt både av pølser og ost. Ja til og med ketchup finst jo no i 2009 i sukkerfri variant så her er det eigentleg inga unnskulding.

Danderinga kan ein og gjere slik ein vil og ein kan skape sitt personlege preg ikkje berre på smak men også utsjånad. Her er det først og fremst størrelsen på skivene og korleis pølsene er kutta opp det går på. Men ketcupen kan ein jo og gjere mykje morro med om ein det vil - kva med første bokstav i førenamnet til den som er tiltenkt det ferdige produkt? Det føreset dog at ein tek på ketchupen til sist, og ikkje først.

PS! Visste du at denne retten kan lagast med brød som eigentleg er litt for gamalt og hardt til å bli ete? Det gjer ingenting! Smakar like godt!

blog comments powered by Disqus